Produksjon av
skreddarsydd innredning

Restaurering

Snikkarverkstaden held til i den verna trehusbebyggelsen på Evanger og interessa for bygningsvern og satsing på produkt og tenester innan dette feltet er ein naturleg og viktig motivasjonsfaktor for heile verksemda. Me tek på oss oppussing av gamle ytterdører og vindauger. Spesielt har me jobba med ulike former for etterisolering av gamle dører og vindauger, for at desse skal vere tilpassa dagens forbrukarkrav. Heller tilføyingar på gamle bygningsdelar, enn total utskifting.  Som møbelsnekker er me også glade for å ta på oss restaurering av stilmøblar.