Produksjon av
skreddarsydd innredning

Oppbevaring og garderobe

Det er ei målsetjing at alle innredningar skal sjå ut som at” det var tenkt sånn”. Altså at hyller og reolar, garderobar og andre oppbevaringsmøbel glir naturleg inn i miljøet der dei står. Enten for å gjere minst mogleg ut av seg og framheve andre gjenstandar, eller vere eit iaugefallande møbel som skal  prege heilskapen.

Gode oppbevaringsløysingar må ha god tilkomst, og ein kombinasjon av fleksibiltet og spesialtilpassing. Felles for mange garderobekott, hulrom under trapper og skråloft er at der eigentleg er store rom for oppbevaring. Men det vert veldig fort eit uoversiktleg virrvarr, fordi tilkomsten er vanskeleg og ein får ikkje oversikt. Møbelsnekkeriet tilbyr mange gode løysingar og idéar for best mogleg utnytting av rom i alle fasongar. Ta gjerne turen innom til oss på Evanger på veg til eller frå Voss - ein erfaren møbelsnekker har ofte gode løysingar.